Til hunden

Cecilie Løveid (f. 1951) er lyrikar, prosaforfattar og ein dramatikar som skriv for scenen på ymse måtar. Ho var bare nitten då ho debuterte skjønnlitterært,…

cecilie

Cecilie Løveid (f. 1951) er lyrikar, prosaforfattar og ein dramatikar som skriv for scenen på ymse måtar. Ho var bare nitten då ho debuterte skjønnlitterært, og budde då i Bergen. Men som ein som også frekventerte miljøet rundt Club 7 i Oslo, vart Løveid snart ein naturleg del av profilgenerasjonen. Profil nemnar både ei gruppe folk, kanskje ei kunstnarisk retning, og ei tid og eit tidsskrift. Og der byrja det, i tidsskriftet, også for Løveid: Hennar første trykte dikt var i Profil, bladet, som Store Norske Leksikon skildrar slik: Tidsskriftet introduserte og utforsket trekk ved den internasjonale modernismen, som på den tiden var lite kjent i Norge, og tok etter hvert også klart stilling for venstresiden i norsk og internasjonal politikk. Modernisten Cecilie Løveid har vore grundig skildra av kollegaen hennar, Steinar Opstad, som redigerte Kolons Festskrift for Cecilie, ei bok som kom ut då ho fylte seksti. Opstad redigerte også Mykt glassden første av Løveids bøker som var eksplisitt kalt dikt. Siden har hun gitt ut diktsamlinger. Fra 2007-samlinga Gartnerløs får vi i dag lov til å gjengi Plutohunden