Tilhøva i Iran

– Dei yngre opprørarane vedkjenner ikkje fullt ut den første generasjonen av feministar, seier Mehrangis Kar, advokat og kvinnesaksforkjempar frå Iran, om opprøyret og kampen for kvinner sine rettar. Tilfeldigvis går vi forbi statuen av Henrik Ibsen, den norske kvinnesaksforkjemparen, når ho seier dette. Det er klart vi må stoppe opp, litt då:

elyas, susan, kar

– Dei yngre opprørarane vedkjenner ikkje fullt ut den første generasjonen av feministar, seier Mehrangis Kar, advokat og kvinnesaksforkjempar frå Iran, om opprøyret og kampen for kvinner sine rettar. Tilfeldigvis går vi forbi statuen av Henrik Ibsen, den norske kvinnesaksforkjemparen, når ho seier dette. Det er klart vi må stoppe opp, litt då:

Vi skulle bare møtast for ein prat om iranske forfattarar. Det skulle bare vere eit møte for å finne ut noko om eit par særskilte, iranske intellektuelle. Eit led i DnF sitt "Internasjonale Utvalg" sitt arbeid for å finne den absolutt beste kandidaten for ytringsfridomsprisen for i fjo. Møtet blei til ein liten skule for underteiknandne. Mehrangis Kar, advokat og kvinnesaksforkjempar frå Iran, lærte meg noko om det å vere ung, skrivande og meiningsbærande kvinne – utan å få lov til å ytre seg.
– Tilhøva er veldig vanskelege, sa Kar, mens vi rusla oppetter øvre Karl Johan. Det var sol, den finaste søndags føremiddagen på lenge. Kar var i Oslo for seminaret "Women’s struggle for democracy, peace and equality in the Middle East", og hadde stått på scena heile dagen i forvegen. I dag var det søndag, ein slags dagen derpå ei påkjenning, og nydeleg ver. Forelesarinna var på hotellrommet sitt då vi kom, og var der oppe så lenge ho fekk. Ho var blitt litt sjuk over natta.
Vi leita etter ein kafé som både var varm, og som hadde noko av den same verdigheita som kvinna sjølv. Det blei til ein sirkel, til ein tur forbi Nationaltheateret, og attende til rekka av staselege hotell. I lobbyen til Grand Hotell sette vi oss ned, for ein prat om kvinnelege forfattarar i Iran, kvinner på min alder, som lever under vanskelege høve der borte, eller flyttar til utlandet. Og skal ein tru Kar, så møter ikkje feministar i Iran bare motstand frå den kontroversielle statsleiaren Mahmoud Ahmadinejad. Det virkar også å vere ein konflikt feministar og intellektuelle i mellom:
Forfattarar og ytringsfridomsarbeidarar som Shahla Sherkat blir ikkje fullt ut anerkjent og godteke. Dei blir sjølvsagt knebla av Ahmadinejad, og styresmaktene. Men dei møter også motstand frå den oppvoksande generasjonen av intellektuelle; dei som reidde grunnen for opprør. Slike som Sherka og meg sjølv, opna nokre dører, som dei nye feministane går gjennom. Det virkar som om mange av dei hysjar ned slike som Shahla Sherka, for å få kredibilitet for det som skjer av framskritt for ytringsfridomen, sa Kar. Sjølv bur ho no i USA. Mykje er betre for henne der. Ingen legg band på ytringsfridomen hennar. Det gjorde dei i Iran, då ho budde der. Ho jobba som advokat i Iran, og mangla økonomiske bekymringer. I USA får ho ikkje jobbe som advokat. Ho brukar meir tid på å tene til livsopphaldet sitt. Det blir ikkje så mykje tid overs for å skrive eller på andre måtar jobbe for menneskerettar. Kanskje ikkje rart då, at ho er forkjøla. Fordi eg er i "Internasjonalt utvalg" i DnF, og researchar aktuelle kandidatar til DnF sin ytringsfridomspris, gav Kar råd om sluttspurten av arbeidet:
– Eg tykkjer de skal ære unge, sterke, kvinnelege forfattarar. Gi prisen til nokon som står oppreist, nokon som er sterke, nokon som kan nytte seg av prisen straks. Det vil komme Iran til gode, meinte Kar. Og der kjem med ei eske Dent, saman med kvinna som arrangerte seminaret på Litteraturhuset, Susan Savarerakhsh.
– Det var ikkje aspirin å få på ein søndag, sukkar Savarerakhsh, og glømmer visst å fortelle Kar at Dent er litt som godterier å rekne. Kar spis det som om det var piller med medisinsk effekt. Og smiler. Men rekk meg bare motvillig handa når eg vil ta farvel. Ho vil ikkje smitte meg. Men ho seier namnet mitt på ein så verdig måte som ingen før har sagt det.