«Tonje Glimmerdal» kåra til beste barnebok i Tyskland

Die Zeits prestisjefulle pris LUCHS 2010 for beste barnebok i Tyskland går til «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr. Prisen vert delt ut under ein sermoni…

Die Zeits prestisjefulle pris LUCHS 2010 for beste barnebok i Tyskland går til «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr. Prisen vert delt ut under ein sermoni på Litteraturhuset i Hamburg 25.11. Juryen seier boka utmerkar seg med ei mangfaldig historie og står som ein kontrast til dei mange eindimensjonale karakterane ein finn i barnelitteraturen i dag.

Prisen er på 8000 euro og Per Olov Enquist er blant tidlegare vinnarar.

Redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug seier dette om tildelinga:

– Maria Parr klarer kunststykket å skrive fram ei verd som både er eksotisk og annleis for dei som ikkje er kjende med norske forhold, og samtidig universell. Det trur eg er nøkkelen til «Tonje Glimmerdal» og Maria Parrs store suksess i utlandet og det viser seg ikkje minst i denne gjeve barnebokpristildelinga. Å bli kåra til årets barnebok i Tyskland av die Zeit er så stort at ein får lyst å slå saltomortale på ski, akkurat som Tonje i boka til Parr.

«Tonje Glimmerdal» vart tidelt m.a. Brageprisen og Kritikarprisen og selte nest mest av alle nye barnebøker i 2009. Maria Parr har no stor internasjonal suksess. Boka er selt til sju land, mellom anna Kina og Russland.