«Tormod Hauglands forfatterskap er for lite kjent»

Tormod Hauglands forfatterskap er for lite kjent og hans bøker lest av for få, skreiv forfattar og meldar Vidar Kvalshaug om langdiktet og boka Straumen…

Foto: Egil Haraldsen

Tormod Hauglands forfatterskap er for lite kjent og hans bøker lest av for få, skreiv forfattar og meldar Vidar Kvalshaug om langdiktet og boka Straumen går. For den yngre generasjonen forfattarar er Haugland ikkje minst kjent frå Skrivekunstakademiet i Hordaland. No er han knytt til skulen som lærar. Men han var akademileiar gjennom ti år; frå 1998 til Olaug Nilssen tok over i 2008. Det same året, 2008, ble det publisert tal som viste at rundt 10% av alle studentar ved Skrivekunstakademiet debuterte som forfatttarar. Sjølv har Haugland lært å drive gard på jordbruksskole, å teikne og måle frå teikne – og målarskule, og illustrere frå Kunst – og Håndtverksskolen i Bergen. Haugland bur nå på Radøy. På den same øya blei han fødd i 1962. Sidan årsmøtet 2012 har Haugland vore medlem i DnFs Litterære Råd. Og sidan debuten har han gitt ut tolv bøker.
– I skyggen av mer gjennombruddshissige vestlandsforfattere som Ragnar Hovland og Jon Fosse har (Haugland) puslet med sitt siden den gode debuten Under i 1994, skriver Vidar Kvalshaug i anmeldelsen av Straumen går.

– Les du ganske likt uansett kven eller kva du les; men snakkar eller skriv om bøkene ulikt, alt ettersom det er for studentar eller Rådet?
– Å lese tekstar, i undervisningssamanheng eller for DLR, er mykje det same. Eg les og vurderer i begge tilfelle. Det hender at eg kan irritere meg over dårlege språklege detaljar, anten det er i ei bok eller i ein studenttekst, men så kan det vere andre ting som veg opp og påverkar inntrykket andre vegen. Den største skilnaden ligg i at ei utgjeven bok representerer eit ferdig arbeid, ein heilskap, som dei fleste studenttekstar manglar.
Når det kjem til kommentarane er skilnaden ein annan. Når eg kommenterer skrivestudentane sine tekstar snakkar eg direkte til forfattaren, og begge partar veit at teksten er under arbeid. Eg prøver då å gje den ei vurdering som kan hjelpe forfattaren til å utvikle teksten på beste måte ut frå ulike intensjonar og mogelegheiter.
– Og kva form for vurdering er det no du gir?
– I DLR er vi eit råd på ni personar som skal vurdere bokas litterære verdi. Her handlar det vel meir om å gje ei så tydeleg vurdering som muleg, ein dom over bokas litterære kvalitet, utan omsyn til kven forfattaren er.
– Kva tenkjer du om forholdet mellom det å lese for DLR – og det å lese studentar sine tekstar:
Drar du fram raudpenna?
– Eg vil skilje mellom debutantar og meir etablerte forfattarar. Når eg les ein debutant er det litt som å lese ein student, ei ny stemme som eg ikkje kjenner frå før og som ein difor prøver å lese med ei open og nyfiken haldning. Ein meir etablert forfattar vil automatisk verte lesen i lys av tidlegare bøker. Men elles ser eg det som eit ideal å lese kvar bok med den største openheit og nyfikne. Å snakke om tekstane er ei anna sak. Då har ein gjerne gjort seg opp ei meining om sterke og svake sider ved teksten, som ein legg fram på beste vis ut frå kva samanheng ein er i.
– Har du endra meining om ei bok etter diskusjon på rådsmøte?
– Når eg legg meininga mi fram for rådet prøver eg å vere så tydeleg eg kan på kva eg meiner er bokas kvalitetar og svakheiter. Samstundes er eg ein rådsdebutant som har stor respekt for dei andre sine vurderingar. Det hender eg les bøker der den litterære kvaliteten er diskutabel og der ein diskusjon kan klårgjere sider ved boka som gjer den lettare å vurdere. Det er såleis ikkje slik at meininga alltid er like fast, den kan også vere usikker og påverkeleg.

– Kvifor takka du ja til å sitje i Rådet då du blei spurd?
Å vere medlem i rådet er både ærefullt og arbeidskrevjande. Ein tek på seg eit viktig og stort ansvar, samstundes som ein får høve til å vere med i landets beste leselag. Eg er vand med å lese norsk litteratur, men som medlem i rådet får eg ei meir fullstendig oversikt som gjev eit meir realistisk bilete på kva norsk skjønnlitteratur er for noko.