Tove Lie, forlagsdirektør i Det Norske Samlaget sidan 2008, seier opp stillinga si og sluttar i dag. Forlagssjef for Samlaget Utdanning, Tom Skovdahl, vert konstituert i stillinga frå og med i dag.
-Ei totalvurdering av situasjonen i forlaget gjer at eg vel å slutte no. Eg har leda Samlaget gjennom ei rekkje nødvendige endringar, og slikt skapar uro. Eg ønskjer Samlaget alt godt med alle utfordringane dei har, både når det gjeld marknaden på papir og digitalt, bransjesituasjonen, konkurransen om dei gode forfattarane og den viktige jobben med å spreie nynorsk litteratur. Eg vonar at det no vil bli ro og entusiasme i og rundt forlaget, seier Tove Lie.
Styreleiar i Det Norske Samlaget, Kristin Bjella, seier at Tove Lie har gjort eit stort og nødvendig arbeid med omstilling av forlaget, som ein skal byggje på i det vidare arbeidet.
-Tove Lie har vore ein sterk pådrivar for viktige vedtak om satsing framover.
Når det gjeld valet ho har gjort, er ho som forlagsdirektør den næraste til å vurdere og ta stilling til kva som må til for å sikre ro i forlaget. Styret har respekt for dette valet.
Vi takkar Tove Lie for jobben ho har gjort for Samlaget, seier Kristin Bjella.