Tranströmer Transtromer Transtroemer

– Tomas Tranströmer grip mennesket i flukta, der og då, her og der, med eit språk med låg puls, skarp observans og metaforar som tar…

tran375

– Tomas Tranströmer grip mennesket i flukta, der og då, her og der, med eit språk med låg puls, skarp observans og metaforar som tar lesaren ved handa, meiner Oddvar Aurstad frå Gyldendal Norsk Forlag. Tranströmer er den mest omsette av alle svenske lyrikarar. Er det til trass for eller på grunn av at han har eit språk som er så rikt på metaforar?



Det er den 6. oktober, klokka eitt. Tomas Tranströmer har familien sin rundt seg. Dei høyrer på radio, kor det blir offentleggjort kven som får Nobelprisen i Litteratur. Dette kan ein høyre i den Tranströmerske stova: 


Kvinnestemme: Oah! Tomas Tranströmer. Jo. Sa han ikkje det? Jau han sa jo det. Men de trur at eg tullar med dykk no.
Eldre mannsstemme: Nei. 
Kvinnestemme: Jo. Der. Nemmen. Han sa jo Tomas Tranströmer. Det er Tomas Tranströmer. Det er heilt sanselaust. Shit!
(I bakgrunnen høyrer ein telefonen byrje ringe, og stemma til ei eldre dame som forklarar sakte til nokon: Dei ringde for fem minutt sidan og sa at Tomas Tranströmer skulle få prisen. Grattis!) 



Då Tomas Tranströmer i går fekk Nobelprisen i litteratur, skal oddsen ha gått ned mens publiseringstida nærma seg. Nokon meiner det var lekkasje. Andre meiner at det ikkje er overraskande. Tomas Tranströmer er ikkje ein av dei mest omsette svenske lyrikarane, men den desidert mest omsette. Fleire av bøkene hans har komme ut på andre språk samstundes med at dei kom på svensk. Ved eitt tilfelle skal den utanlandske utgåva ha vore før den svenske. I Noreg er det Gyldendal som gir ut Tranströmer. Korleis fann dei han?  


– Jan Erik Vold ville gjendikte, vi sa sjølvsagt ja, fortel Oddvar Aurstad, som er redaktør i skjønnlitterær avdeling hos Gyldendal.

- Ein del lesarar svir til originalspråket når det kjem til litteratur på svensk og dansk. Kva er fordelen med å omsetje Tranströmer til norsk?
– Han er ein poet for alle, men alle kan ikkje svensk.

- Kvifor skal vi lese Tranströmer?
– Fordi han skriv til oss. Vi skal lese han når vi er triste. Då blir det litt lettare å leve, seier Aurstad. 



Kva er det som gjer Tranströmer så populær i omsetjing? Den polske omsetjaren Leonard Neuger har nokre tankar rundt det:

– Tranströmer nyttar ikkje idiomatiske fråsegn, seier han til Svensk Radio P4 11. mars i år. Og er det noko som får omsetjarar til å sveitte, så er det idiom. Idiom er ein slags metafor. Men dei er som hovudregel særeigne for dei enkelte språka. Eit biletrikt språk til trass: Tranströmer har det med å finne metaforar som fungerar på fleire språk. Men det betyr ikkje at han ikkje gir omsetjarar utfordringar: 

– Det som framleis er hokuspokus for meg, er kvar gong Tranströmer lagar samansette ord. Han plukkar opp nyansar som er vanskelege å overføre til polsk. Eg veit at det også er vanskeleg på fransk, men enklare på tysk. Då mister vi nokre nyansar. Å oversetje er heile tida å vurdere kor mykje eg mister, kor mykje eg får til å bevare, 

– Ein annan ting som gjer Tranströmer muleg å omsetje, er at det ikkje er naudsynt å skrive Tranströmer inn i nokon tradisjon. Ein kan lese han utan å vite noko om til dømes Harry Martinsson, og så vidare, seier Neuger.