«I bok etter bok utforskar Marstein vilkåra for omsorg og kjærleik med kompromisslaus presisjon og detaljinnsikt. Vanlege menneske blir skildra med stilistisk briljans. Forfattarskapen hennar er ei stor bragd» skriver Norsk Forfattersentrum på sine nettsider. Videre at:
«Den nyaste romanen til Marstein, Egne barn (Gyldendal, 2022) har fått strålande tilbakemeldingar og mange lesarar. Marstein har eit uvanleg skarpt blikk for detaljar, for dei småe rørslene som avslører oss. Nyansane i dei mellommenneskelege relasjonane er skildra med sårheit, ømheit og varm empati. I tillegg til eigen forfattarskap er Trude Marstein ein viktig omsetjar av nordisk litteratur til norsk. Romanane til den danske forfattaren Helle Helle er mykje lese i Norge, i Marstein sine omsetjingar.»
Valget av festspilldikter er gjort av arbeidsutvalget ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Arbeidsutvalget mener at Trude Marstein er en av de viktigste forfatterne i norsk samtidslitteratur og at hun for hver bok stadfester og styrker posisjonen sin.
Marit Eikemo formulerer det slik i begrunnelsen for tildelingen:
«Trude Marstein får mykje ut av lite, som ho sjølv seier det. Det er ingen dramatiske hendingar eller eksentriske karakterar i bøkene hennar. Det er i skildringa av vanlege menneske og kvardagens detaljar, kjensler og små maktspel, at Marstein viser sin stilistiske briljans. Karakterane ser og ser og ser kvarandre, men dei ser ofte feil, misforstår og feiltolkar. Visst kan middelklassen vere utmattande i alt sitt sjølvmedvit og sine sjølvopptatte grubleri. Dei kan takke seg sjølv, tenker ein gjerne når ein les, men kan dei eigentleg det?»
Les mer her.