Tusenvis i kø for biblioteksfeiring

Det går ikkje lenge mellom kvar gong ein offentleg person uttalar kor viktig folkebiblioteket har vore for seg. Dei norske folkebiblioteka har dei siste åra…

deichmanske_bibliotek

Det går ikkje lenge mellom kvar gong ein offentleg person uttalar kor viktig folkebiblioteket har vore for seg. Dei norske folkebiblioteka har dei siste åra fått ein utvida rolle som inkluderande, informerande folkestover og formidlingshus. Biblo Tøyen var nyleg på ei liste over «verdas kulaste plassar». The times magazine sin juniorutgåve stod bak kåringa. 

I kveld, laurdag 18. januar står tusenvis av folk i kø for å komme inn til Deichman Hovedbibliotek sin utflyttingsfest. Over tjueto tusen har meldt seg på arrangementet på facebook.

Bibilioteket delte denne videosnutten med sine Facebookfølgjarar. Blant kommentarane frå sjåarar: «Dette er Oslo på sitt beste!».