Twitterhit

Topptwitrar Torvund + Poptwitrar Eidsvåg = Twitterhit! Bjørn Eidsvåg-låta «Du er nede for telling. Eg er oppe for show» begynte som ei twittermelding frå Helge Torvund:…

2rvund

Topptwitrar Torvund + Poptwitrar Eidsvåg = Twitterhit! Bjørn Eidsvåg-låta «Du er nede for telling. Eg er oppe for show» begynte som ei twittermelding frå Helge Torvund:

Helge Torvund (f. 1951) er ein norsk poet og psykolog, som debuterte skjønnlitterært med diktsamlinga Hendene i byen
(1977). Sia då har han gitt ut fleire titals bøker av ulike sjangrar, og for ulike målgrupper. Han har gjennom fleire år vore skrivelærar ved nettsida "Diktkammeret". Det siste året har han vore ein populær "twitrar". Dei stutte twittermeldingane hans har vore poetiske, folkeopplysande, kuriøse eller artige. Dei blir støtt og stadig "gjen-twitra", som det heiter når dei blir gjentatt, som eit refreng, gjennom twitter-straumen på skjermen. 

– Ein del av det eg skriv er små spontane observasjonar. Poetiske formuleringar frå ting eg nett har opplevd, seier Torvund til NRK Rogaland. 

"Twitter" betyr "kvitter" på norsk, og må vere stutte og presise meldingar. Dei har ofte form av ei nyhende. Men fleire har merka seg at kvitring kan lande i poetiske nedslag: Bjørn Eidsvåg er ein annan populær sangfugl på sida. Når desse topptwitrarane slår seg saman, så blir det både plate, og på sikt også bok. NRK melder: I ei ny diktsamling Helge Torvund nå skal gje ut er mykje basert på erfaringar han har gjort frå Twitter-poesien.