Underbarn

– Barn av advokatar og legar blir ofte advokatar og legar. For barn av arbeidarklassen er framtida mindre sikker og føreseielege. Dei får høyre frå…

– Barn av advokatar og legar blir ofte advokatar og legar. For barn av arbeidarklassen er framtida mindre sikker og føreseielege. Dei får høyre frå foreldra sine: "Du må ikkje bli som meg. Du må bli noko betre". Dette gjer arbeidarklassebarn meir rotlause, sa Jacobsen til det svenske radioprogrammet Biblioteket i anledning omsettinga av Vidunderbarn til svensk.

I anledning 1. mai er det på sin plass å rette merksemda mot Roy Jacobsen, og den siste romanen hans. Vidunderbarn er no omsett til svensk. Tittelen er Underbarn, og er den tiande romanen hans på svensk. Det svenske litteraturprogrammet Biblioteket hadde nyleg eit kvarters langt intervju med forfattaren. Jacobsen heldte fram tema "klassres", klassereise altså, som viktig for forfattarskapen sin. I og med at intervjuet var for eit svensk publikum, fekk vi høyre ting som kanskje er sjølvsagte for norske lyttarar – som at Jacobsen er sosialdemokrat og sosialist, og om korleis han sjølv, frå debuten tidleg på åttitalet, via gjennombrotet med Seierherrene i 1991, og til Vidunderbarn/ Underbarn frå 2009, har han sjølv gjennomgått ein "klassres", og har reflektert omkring det: 

– Barn av advokatar og legar blir ofte advokatar og legar. For barn av arbeidarklassen er framtida mindre sikker og føreseielege. Dei får høyre frå foreldra sine: "Du må ikkje bli som meg. Du må bli noko betre". Dette gjer arbeidarklassebarn meir rotlause, sa Jacobsen til Biblioteket. For Jacobsen har arbeidarklassebakgrunnen ført til mange år i Nord-Norge, med eit uttall sidejobbar for å finnsiere skrivinga. 

– Han hadde den siste nattevakta si som hjelpepleiar i 1989. Frå då av skreiv han på heiltid. To år seinare kom Seierherrene ut, sa intervjuaren frå svensk radio. Jacobsen kommenterte:

– Salet for Seierherrene har vore eventyrleg. Det har vore rundt 400000 selde bøker bare i Noreg. Det kan vere rekord, sa Jacobsen, som altså først fekk gjennombrotet sitt som forfattar då han skreiv på heiltid – utan sidejobbar.

– Eg skriv bøkene mine mange gongar. Når eg har gjort ferdig ein utgåve, skriv eg han om att, fortalte Jacobsen. Seierherrene var godt over 300 sider.