Det er eit to etasjes sveitsarhus bygd mellom 1901 og 1903. Huset er restaurert og funksjonelt med bad og to toalett, varmepumpe og vedomnar, fjernsyn, nettilgang og skrivar. Huset har fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, og vaskemaskin i kjellaren. Det er fem soverom i andre etasje pluss eit kontor med skrivebord. I første etasje er det tre stover (den eine er Valen sitt arbeidsrom) og Farteins soverom som er slik det var då han budde der.
Det er mogeleg å teikne deg for leige i mars og september. Kortaste leigeperiode er ei veke, lengste leigeperiode er tre veker.
Det er fint om alle søkjarane set opp minst to alternative leigeperiodar i prioritert rekkefølgje innanfor søknadsperioden. Eigar og vaktmesterparet vil stå for det praktiske rundt tildeling og utleige.
Leiga inkluderer alle faste kostnadar rundt heimen, også vask av sengetøy. Husværet må forlatast i den stand det blei overteke.
Leiga må betalast på forskot, seinast fire – 4 – veker før ein kjem. Ho er som følgjer:
• 1 veke: kr 1.000
• 2 veker: kr 2.000
• 3 veker: kr 3.000
Fortel kort om kvifor du ønskjer opphald og kva du tenkjer å arbeide med under opphaldet om du får innvilga det.
Om ein har spørsmål, kan ein kontakta: Fartein Valen-Sendstad, 41519924, mail: fartein.valen-sendstad@uis.no
Søknadsfristen for opphald i mars er 30. november, for opphald i september er det 31. april. Fyrste leigeperiode er mars 2018.
Søknaden kan sendast til Marit Liknes (marit.liknes@sveio.kommune.no) eller Fartein Valen-Sendstad (fartein.valen-sendstad@uis.no). Huseigar, Fartein Valen-Sendstad, kan kontaktast om ein ynskjer meir informasjon.
Les mer her:
http://farteinvalen.no/fartein-valen-heimen/