Varieté! Cabarét! Kamerat!

Ikkje høyrt om Bergsvågungdommen? Les denne saka! Høyrt om Bergsvågungdommen? Les desse intervjua med Bergsvåg, med ungdommen, og få vite kva denne rørsla har å…

Ikkje høyrt om Bergsvågungdommen? Les denne saka!
Høyrt om Bergsvågungdommen? Les desse intervjua med Bergsvåg, med ungdommen, og få vite kva denne rørsla har å gjere med det litterære Bergen anno 2010: " Ein hjelmekledd Tone Hødnebø les paroditekstar, Frode Grytten i lang grå panikk knausar seg opp, Rolf Sagen reiser seg og hevdar han er Henning Bergsvåg, dikt blir framført per morse, allsang, bingo, alt ditt hjarte attrår skjer på den bergenske scena, ", seier Erlend «Bergsvåg» Nødtvedt i eit intervju her på sida:

 

Det går ei historie om dadaistgründer Hugo Ball og dei absurde samlingene deira i Zürich i 1917. Mens Cabaret Voltaire nådde stadige høgder i Spiegelstrasse 19, forsøkte Mr. Ulyanov-Lenin å sove i nabohuset. Mens dadaismen muterte til surrealisme, og vidare til andre subkulturar av meir opprørsk kunst, leidde Lenin ein politisk revolusjon. Kommunismen reiste seg, og den ramla, som bølger. I sjøen kjem bølger i sett av åtte. Bergensbølgene bare kjem og kjem. Dei begynte som musikk. Sister Sonny, Sondre Lerche, Julian Berntzen var nokre av den første bergensbølga. Den neste bølga kom som litteratur, med Olaug Nilssen,
Gunnhild Øyehaug surfande i front. Fjorden Baby! kom med den musikalske
nybølga frå 2008 av. John Olav Nilsen og Gjengen segla inn frå
Loddefjord, samstundes med at toppane blei skumma av den samtidige,
litterære nybølga: Det handla om Agnes Ravatn, Kjersti Rorgermoen og
andre i kretsen rundt fanzinekonseptet "Ikke Til Hjemlån". Ei ny nybølge
er på veg ut frå Sotra, og mot ope havet, mens eg skriv dette. Den
trekk lange linjer, både i høve geografi og tid. Det kan ha begynt med
Rolf Sagen og Jon Fosse, med Tormod Haugen og Øyvind Rimbreid, med Tomas
Espedal og Marcel Proust, Susanne Christensen og Audun Lindholm, eller
Tina Åmodt som drog ein svensk, varm tradisjon i vestlandsk sørvest
kuling og lyrikk. 

Ja, og så er det dette som skjer rundt Henning Bergsvåg. for tida. Lanseringa av den siste boka hans, "Over elven Tweed", gjer det tydeleg at Bergsvåg har gode, gode venner: "Dei kledde seg som Einar Gerhardsen, levde som Gerhardsen, og hadde dei same verdiane som Gerhardsen. Etter Gerhardsenungdommen kjem Bergsvågungdommen. Dei kler seg som Henning Bergsvåg. Dei lever som Bergsvåg, dei gjer ting som i denne filmen.

(Foto: Susanne Christensen)

Henning Bergsvåg i alle slags formar, med andre ord: Mannen kledd ut som
ugle eller kanin, og ei bok med innpakning laga av Gyldendal Forlag.
"Gerhardsenungdommen" var ein serie sketsjar av Harald Eia og Bård Tufte
Johanssen. Dei kledde seg i mariusgensrar og anorakkar, og gav omgrepet
"gamlisungdom" ei heilt ny meining. Vi, som trudde at omgrepet handla
om tradisjonelle kjønnsroller, om teen girls som insisterte på å vere
husmødre i pumps og polkadottar, med regnbogefarga støvkostar og
såtehår, vi måtte også inkludere bilda av kommunegrå
gerhardsentilhengarar i bildet.
"Bergsvågungdommen" var eit stunt gjort i samband med sleppet av Henning
Bergsvåg sin siste diktsamling. Dei kledde seg opp i svarte dressar,
hattar, og kryssa Bergen med eit rørsleg og svært ganglag. Parodien, med
opplagt og innlysande varme og respekt, er filma, og blitt til ein 8-9
minutter lang video på youtube.com. Vi skriv til Bergsvåg, og spør han
om prosjektet:

 

– Hei Henning! Eg visste ikkje at du var ein EMO ("emotional" – gjerne brukt om ungdommar av ein særskilt subkultur) før eg såg denne filmen. Kva tykkjer du om tolkninga av deg?

 

– Dei treff blink med karakteristikkane sine: Kjenslevar, mystisk og sår. Han leiaren med det lyse håret er fordømt god å lese. Betre enn meg. Der lærer eg noko ved kvart gjennomsyn. Dei treff godt. Dei drikk sherry. 

– Kva vil du seie om gestikuleringa? Om hattane? Ganglaget? Handlaget? Mimikken?


– Dei rører borti haka si. Skulderveska er der. Skjortevalet er ein innartiar. Dei virkar tenksame og tek seg mykje til haka. Når det gjeld han alternative Bergsvågfortolkaren så vil eg ikkje gi han direkte rett i klestolkninga. Men raud cowboyhatt er heilt rett tenkt. Det er alt eg kan seie. 

– Kva kroppslege reaksjonar hadde du den første gongen du såg videoen?

Den første gongen eg såg videoen, var ved sida av teamet, etter at dei hadde brukt utallige timar på redigering. Så mens eg, iakttatt i situasjonen, absolutt erfara ekte glede og lattersprudling, så var det også heilt naudsynt å smile gjennom heile innslaget og le ved kvar minste artigheit. Eg stod stiv som ein stokk og smilte eit stort smil, mens eg rista. 

– Kvifor trur du at Nødtvedt valgte å ha eit lyst, halvlangt hår under hatten?

 

– Nødtvedt kunne velge mellom to av parykkane mine: den lyse som eg bruker når eg skal vere min svigermor, eller den mørke Tina Åmodt-parykken som eg bruker når eg kler meg ut som henne. Han insisterte sjølv på den lattervekkande lyse. Eit godt val, seier Bergsvåg.

Folka bak filmen, er poeten Erlend O. Nødtvedt (f. 1983), formgivarane Camilla Holcroft (1975) og Trine Hisdal (1981). Hovudperson Nødtvedt debuterte litterært med diktsamlinga "Harudes" i 2008. Han har ikkje gitt ut fleire bøker enno, men har det med å dukke opp – i diverse utgåver – i miljøet. Den siste gongen var førre fredag, då kulturseksjonen i Morgenbladet tok ei interessant vending. Vanlegvis er litteraturstoffet ganske strengt samla i "boksidene" atterst i avisa. I den delen som heiter "Kultur" ligg vanlegvis stoff om billedkunst, teater, film og liknande. Under headingen "Kunst", meldte kunstvitar Tommy Ohlsson ein ung poet kalla Erlend O. Nødtvedt. Ohlsson skriv at han "har hatt gleda av å høyre Nødtvedt lese høgt to gonger før". Meldinga er frå den tredje gongen, som var under Forfattarsleppet i Bergen i helga. Og slik held mytologiseringa av Erlend O. Nødvedt fram. Vi har sjølv bidratt til denne, med denne saka frå ein månads tid sia. Og no gjer Nødtvedt seg også udøydeleg som videoskodespelar, og som ein av eldsjelene i "Bergsvågungdommen". Dette, som skulle vere merksemd rundt DnF-styremedlem Henning Bergsvåg, blir bore av denne jyplingen, som Tomas Espedal kalla han – varmt, og med kjærleik.

– Korleis vil du skildre "Bergsvågsungdommen"?

– Dette er eit av fleire innslag som blei viste på det som må vere ein av dei mest koko sleppefestene nokon sinne. Sånn gjer vi det i Bergen, det er sånn vi legg det ned. Bygger opp og øydelegg, eit endeleg farvel til det sjølvhøgtidelege, men likevel så høgtideleg. Alle stiller opp – litteraturprofessoren, tidsskriftredaktøren, krimforfattaren, sekkepipeorkesteret. Ein leik og ein hyllest, men med eit alvorleg tilsnitt. Ein sånn sleppefest seier noko alvorsamt om rammene rundt poesien, det er ein slags frivol systemkritikk, sjølv om lokeskapet står i høgsetet. Varieté, cabarét! Vi er Bergen. Er ikkje et liknande konsept utenkeleg i Oslo?

– Oslo er større. Miljøet er større enn i Bergen. Men dette virkar artig! Er fellesskapen dykkar open for alle?

– Alle som vil blir inkludert. Det er bare å ta kontakt med Nemesis-haren, vi skreddersyr sleppefester for eitkvart omsyn. Men nokon må sjølvsagt gå framfor. Det fine er bredda i lagene som blir mønstra, der den dystre language-poeten kan bli bore av både krim-millionærar og landsmålsbestsellers. Ein hjelmekledd Tone Hødnebø les paroditekstar, Frode Grytten i lang grå panikk knausar seg opp, Rolf Sagen reiser seg og hevdar han er Henning Bergsvåg, dikt blir framført per morse, allsang, bingo, alt ditt hjarte attrår skjer på den bergenske scena. Så kjære den litterære institusjon, ikkje kom til Bergen! Kjære det litterære establishment i gullfiskbollen på Oslo-parnasset, step opp gamen dokkars.

– Heh, artig! Men du, betyr dette at eller er inkludert, bare ikkje folk frå Oslo?

– Alle er velkommen men de som bur der, de må komme hit. Vi gikk ikkje å komme dit.

Det er altså opning for oss her i aust, om dei bare flyttar vestover, til Bergen.