Vårlista

Her er ei foreløpig liste over forlaga sine vårlister for 2011: Samlaget har nye bøker frå Ragnar Hovland, Agnes Ravatn, nyskrive dramatikk frå Jon Fosse…

lists_large

Her er ei foreløpig liste over forlaga sine vårlister for 2011:

Samlaget
har nye bøker frå Ragnar Hovland, Agnes Ravatn, nyskrive dramatikk frå Jon Fosse og noveller frå
Øystein Orten på lista. Dei gir også ut bestselgarar som  fjorårsromanen
Fiolinane av Jan Roar Leikvoll, i billigbokutgåve.

Cappelen Damm fristar med ny roman av Ingeborg Arvola, nye dikt av Håkon Øvreås, den norske utgåva av Mitt danske album, ei
diktsamling som Lars Saabye Christensen gav ut i Danmark i 2010. Det er
óg verdt å nemne teikneserier av Inga Sætre, og lyrikkdebutanten
Elisabeth Yndestad. 

Forlaget Press gir m.a. ut omsettinga av den koreanske bestselgaren «Ta vare på mamma», og ein ny krim frå Monica Kristensen. 

Font Forlag har romandebutanten Tore Grønlien på lista si. Dei har óg ei rekke omsette, skjønnlitterære titlar. 

Juritzen frontar romandebutanten Jan Ove Ekeberg på sin vårliste. 

Pantagruel gir m.a. ut den nye romanen til Jamie Ford.

Bazar skal i år gi ut krimbøker kor hovudpersonane er mellom anna eigedomsmeklarar, programleiarar i media, o.

Pegasus, Vega, og Arneberg Forlag har
óg sluppet vårlistene sine. Dei andre store, norske forlaga har, så
langt som vi kan sjå, ikkje publisert vårlistene sine enno.