Vatnet er ei sildring under alt vindkraslande lauv

Sindre Ekrheim (f. 1967) har vore eit namn for norske lesarar lenge, då han har meldt litteratur for BT i ei årrekke. Der har han…

foto: Tove K. Breistein

Sindre Ekrheim (f. 1967) har vore eit namn for norske lesarar lenge, då han har meldt litteratur for BT i ei årrekke. Der har han vore med på å oppdage sterke debutantar som Endre Ruset (2001), og har gitt nye definisjonar på allereie oppdaga talent – som då han kalte Arnt Birkedal "B-sidenes poet". Sjølv debuterte Ekrheim som lyrikar på Samlaget i 2010, med Sjøen hugsar ingen barndom. Ekrheim har ikkje kome med andreboka enno, men mykje tydar på at det skjer, og at ho blir stødig. Mange dro Ekrheim fram som ein av dei sterke debutantane det året. Når han blir invitert til å dele eit dikt på DnFs nettstad, orsakar han først tida han tok seg til å gi eit dikt, før han forklarar:

– Eg kunne jo berre servert eit dikt eg hadde liggande, men eg fekk det for meg at det kling  så passivt, det er nett som ein kjem opp med nokre gamle utgåtte ski, eller som ein berre driv og ryddar i sitt eige dødsbu. Det måtte heller bli ein kombinasjon av noko liggande og nyskrive, og det tok litt tid.  

Det kan ta den tida det treng, når resultatet blir så godt som dette. Kva modning kan bety for poesien, det kom også fram i ei melding som Cornelius Jakhelln skreiv for Morgenbladet. Om Sjøen hugsar ingen barndom stod det

Kanskje er d­et en bragd­, en øvelse i stil og konsekvens, ikke å bruke et eneste «eg» i en d­iktbok som skild­rer grensesnittet mellom natur og bebyggelse – med­ d­en følge at d­en lavmælte poetstemmen und­er d­e første lesningene av boken henfaller til mumling, knapt hørbare ekko fra d­en sene 1900­tallspoesiens pseud­oind­erlige, retoriske spørsmål: «Kvifor ser land­et ikkje sjøen/ Står på avstand­, på ei høgd­, vend­er seg bort// Kvifor går bakken ikkje ned­ til sjøen. Sjøen/ lyser opp ansikt// Så er ber­get ned­i sjøkanten,/ d­et vil vekk.»

Neste sundag ønskjer Ekrheim å høyre frå Lina Undrum Mariussen. Ho vann Tarjei Vesaas Debutantpris i fjor, og jobbar no med programmet for Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Ekrheim seier om debutboka hennar: 

– Rett før jul høyrde eg nokon som tala så godt og fint om Finne deg der inne og hente deg ut.