Venstre vil styrke stipender og litteratur!

Kunstnarnettverket og mange enkeltorganisasjonar har dei siste åra jobba for ei lønnsreform for kunstnarstipenda. Målsettinga har vore å løfte arbeidsstipenda opp til 50 % av…

trine_skei_grande_og_venstrelogo

Kunstnarnettverket og mange enkeltorganisasjonar har dei siste åra jobba for ei lønnsreform for kunstnarstipenda. Målsettinga har vore å løfte arbeidsstipenda opp til 50 % av ei gjennomsnittleg heiltidsårslønn, og at stipenda deretter skal justerast i tråd med lønnsvekst for statstilsette.

I fjor haust fekk Venstre og Krf gjennomslag for første trinn i reforma, noko som gav ein auke på 20 000 kroner for kvar mottakar av arbeidsstipend. No går altså både Venstre og Krf inn for å gjennomføre trinn to i reforma!

Regjeringa foreslo ein minimal auke til stipend, så lite at det ikkje vil dekke opp for pris- og lønnsvekst. Det same gjorde dei for budsjettpostane under Norsk kulturfond. Venstre foreslår no ein auke til Kulturfondet på 15 millionar kroner, der 5 millionar skal gå til litteraturføremål. Dette kan m.a. gå til auke i vederlag til forfattarar frå innkjøpsordningane.

Venstre foreslår også fleire tiltak for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som vil kome forfattarar og andre kunstnarar til gode. M.a. går dei inn for minstefrådrag  og styrking av sjukelønnsordningar for sjølvstendig næringsdrivande.