Aktuelt

Verdens poesidag

Frå 2012 har ein i Noreg feira dagen m.a. med å dele ut Triztan Vindtorns Poesipris. I år blir prisen delt ut 9. april, i…

poesipris_hi_logo

Frå 2012 har ein i Noreg feira dagen m.a. med å dele ut Triztan Vindtorns Poesipris. I år blir prisen delt ut 9. april, i Drammen. Det blir den fjerde tildelinga. Terje Dragseth var den aller første mottakaren. Han fekk prisen året etter at han gav ut Bella blu. Etter Dragseth gjekk prisen til Stein Mehren. Poeten og biletkunstnaren skriv dette i diktet Kaleidoskop frå I stillhetens hus (2007):

Overalt i kosmos finner

vi spor som skapelsen etterlot seg

i kaleidoskoper av kjemiske formler

periodiske systemer, språk

 

Det er som Gud snakker

med seg selv i mange alfabeter

på en gang. I et regn av tegn

tar skaperverket form

frem og inn i tiden

I den store splintring

som vi kaller stjernehimmelen

eller natten, veller lyset

I fjor fekk Gro Dahle prisen. Det same året fekk ho også Bøker i Bø sin pris. I år har ho vore nominert til Kulturdepartementets pris for beste barne – og ungdomsbok. 

Dette sier apen til de blinde:

Det er ingenting å se

allikevel

For natten er enda mørkere nå

og himmelen skriker etter lys

(Gro Dahle)

Kven som får prisen for 2016 kan du lese på denne nettstaden 9. april. Ei veke før dette offentleggjer vi vinnaren av Tarjei Vesaas debutantpris. Særskilt i år er at to av fire nominerte er poetar.