Vesaas-vinnar Helga Flatland: – Det handlar om å komme seg vekk

Medlemma i DnF var denne helga samla på Clarion Hotel Royal Christiania i Oslo. Ei uvanleg trygg ramme for eit møte med fagrørsla si. Også…

Medlemma i DnF var denne helga samla på Clarion Hotel Royal Christiania i Oslo. Ei uvanleg trygg ramme for eit møte med fagrørsla si. Også den til for å vere med på å trygge liva tli forfattarar i Noreg. På tv-apparata på hotellromma på den siste dagen av møtet kunne ein sjå at Noreg igjen er i krig. Seks jagarflygarar førebur seg no på å reise sørover, på å basere seg i Italia, og mulegvis fly over, og mulegvis bombe, Libya. Norske soldatar i Afghanistan var ein del av motiv og tema i Helga Flatlands debutroman Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Her med forlagsredaktør Øyvind Pharo i Aschehoug. I romanen, som kom på Aschehoug Forlag i vår, skildrar ho unggutar som vervar seg til krig og utanlandsteneste for å komme seg unna bygda. 

– Krigen i Afghanistan har vore gjeldande heile ungdomstida mi. Folk i venne- og omgangskretsen min snakka om dette, diskuterte det støtt og stadig, og eg veit om fleire som har verva seg.

– Og kvifor ville du skrive om det?

– Fordi eg opplevde ein manglande politisk og ideologisk grunn for å verve seg. Det er interessant og oppsiktsvekkjande at det for veldig mange handlar det mest om å komme seg vekk, framfor kva dei kjem til.

– Dreiv du research på dette etter at du bestemte deg for å skrive denne boka?

– Mykje av researchen var gjort på førehand i form av samtaler og diskusjonar eg alt hadde høyrt eller vore ein del av. Men sjølve researchen på militæret og Afghanistan gjorde eg samstundes som eg skreiv.

Kva tenkjer du om nyhenda som kom i dag om at norske flygarar igjen skal til ein base i nærleiken av eit krigsramma land, og kan komme til å måtte fly over det: ein situasjon som liknar den som var over og ved Afghanistan for nokre år sidan?

– Boka mi handlar ikkje om korvidt det er rett eller feil å sende norske soldatar i krigen. Den handlar i det heile tatt lite om krig, men heller om store konsekvensar av meir eller mindre tilfeldige val – det er eit slikt val gutane i boka tek når dei dreg til Afghanistan.

Apropos meir og mindre tilfeldige val. Til slutt eit spørsmål om språk: I Bli hvis du kan. Reis hvis du må blandar du mellom nynorsk og bokmål. Har du eit intuitivt eller planlagt og medvite forhold til vekslinga?

Det var planlagt og med medvite. Dei nynorske fortellerstemmene er tenkt å vere med på å understreke tilknytninga desse karakterene har til bygda.