Aktuelt

Vestfold litteraturpris til Opstad

Steinar Opstad er fødd i Stokke i 1971, og debuterte som lyrikar i 1996 med Tavler og bud. For den fekk han Tarjei Vesaas Debutanpris. Sidan då…

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/9/9f/Steinar_Opstad.jpg

Steinar Opstad er fødd i Stokke i 1971, og debuterte som lyrikar i 1996 med Tavler og bud. For den fekk han Tarjei Vesaas Debutanpris. Sidan då har Opstad vore blant landets mest prisvinnande poetar. Ved sidan av eige forfattarskap er han ein aktiv formidlar av andres poesi. Dikta til Cecilie Løveid er eit døme på det Opstad har skrive om. 

Vestfold litteraturpris er eit reisestipend på 25000 og eit stykke grafikk, og blir delt ut 7. november. Det skjer under litteraturveka i Vestfold. Same dagen deler DnF ut sin formidlingspris.