Vidare satsing på talentutvikling

– Gjennom Talent Norge AS oppfyller vi fleire av intensjonane i Sundvolden-erklæringa. Her får talent betre høve til utvikling. I tillegg gjev meir privat kapital…

thorhild_widvey_foto_thomas_haugersveenstatsministerens_kontor

– Gjennom Talent Norge AS oppfyller vi fleire av intensjonane i Sundvolden-erklæringa. Her får talent betre høve til utvikling. I tillegg gjev meir privat kapital ei breiare finansiering av kulturlivet. Til no har ei krone frå Talent Norge utløyst to kroner frå private. Dette fører til maktspreiing ved at talenta vert mindre avhengig av offentlege tilskot, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 Talent Norge AS skal vere drivkraft for ei målretta satsing på talentutvikling og internasjonal profesjonalisering av unge talent innan ulike kunstfelt. Målgruppa for satsinga er enkeltpersonar og grupper med anlegg for ei langsiktig karriere innan kunst og kultur på høgt internasjonalt nivå.
 
Talent Norge AS vart etablert 21. januar 2015 med tre eigarar; staten v/Kulturdepartementet, Sparebankstiftelsen DNB og Kristiansand kommunes energiverksstiftelse.