Viktig å nyansere papirboksalet av norsk skjønnlitteratur for vaksne

Morgenbladet har 30. september ein artikkel om at det samla papirboksalet er åtte millionar lågare i 2022 enn i 2012. Det er viktig å nyansere biletet når det gjeld salstalet av skjønnlitterære bøker.

Av Brynjulf Jung Tjønn, Leiar i Den norske Forfatterforening

Tal frå Forleggerforeningen sin statistikk viste at det i 2012 blei seld 1 030 972 norske skjønnlitterære papirbøker for vaksne, medan det i 2022 blei seld 943 658.

Det er altså ein nedgang på 87 314 bøker på ti år, eller 8,4 prosent. Samtidig viser salstala at det frå 2013 og fram til 2019 stabiliserte seg på eit enda høgare nivå, frå toppåret 2013 med 1 260 649 selde skjønnlitterære papirbøker fram til 2019 med 1 171 467 selde skjønnlitterære papirbøker.

Salet varierer fra år til år. Til dømes var salet før 2011 lågare, noko figuren viser:

Det er også viktig å påpeike at talet på nye titlar i sal varierer frå år til år og vil påverke salstala. Det er også slik at det einskilde år er nokre titlar som sel ekstra mykje og drar salstala opp.

Men det er ikkje tvil om at strømming av lydbøker erstattar ein del av papirboksalet for norsk skjønnlitteratur, og her er det mange forfattarar som fell utanfor, fordi marknaden er selektiv.

Salet av papirbøker innanfor norsk skjønnlitteratur for vaksne går altså gradvis ned, men biletet er langt frå så dramatisk for denne kategorien, som ein kanskje kan få inntrykk av gjennom Morgenbladet-saka.

Samtidig fortel dette også kor viktig det er med den velfungerande litteraturpolitikken vi har i Norge i dag. Vi er eit lite språkområde og ein liten bokmarknad. Viss vi skal ha mangfald og breidde i skjønnlitteraturen, er det viktig at vi held fast på den litteraturpolitikken vi har i dag, men som virkar å vere under press, blant anna med Kunstnarkår-meldinga.

Konkurransen om bokkjøparane er hard, og dei litteraturpolitiske tiltaka med arbeidsstipend, innkjøpsordninga og normalkontrakten er viktige for å byggje opp forfattarskap som elles ikkje ville ha klart seg.