Aktuelt

Vindtornprisen til Eldrid Lunden

Om å vere fylt til forstanden av gråt Tale til utdelinga av Vindtorn Poesipris 2019 Det var ein gong at diktaren Gro Dahle gjekk på…

img_4085

Om å vere fylt til forstanden av gråt

Tale til utdelinga av Vindtorn Poesipris 2019

Det var ein gong at diktaren Gro Dahle gjekk på skriveskule. Læraren sa om Dahles dikt: “kast og begynn på nytt”! Gro Dahle mista motet og kasta dikta før gjennomgangen. Rett i søpla ved kopimaskina. Ikkje lenger etter fann læraren dikta i søpla, gjenkjente dei som Dahles, og gjekk til henne og sa “Her skal du begynne.”

Slik byrja Dahles diktarskap. Og i 2015 fekk ho Vindtornprisen. Det var berre eit spørsmål om tid før skrivelæraren skulle få prisen. Læraren får prisen for sitt kontrære, nyskapande, rebelske, naudsynte og essensielle forfattarskap. Samtidig, med sin poetiske praksis, vart prisvinnaren altså den første professoren i sitt fag, og har betydd mykje for mange skrivande, som til dømes Dahle, som seier: 

 

Ordene hennes har blitt grunnloven min, mine bud.

Jeg kaster det meste jeg skriver og begynner på nytt og på nytt og på nytt.

Og så er det: “Gå dit det brenn», «Du må bryte meir stein», «Ikkje ver så flink og snill pike»

og ikke minst: «Du får vere den du er til det går over av seg sjølv!». 

 

“Gå heim og skriv om mjølka, gut,” skal prisvinnaren ha sagt til ein annan elev. Denne direkte og kanskje småfrekke tonen har vore der i prisvinnarens over femti år lange forfattarskap. Heimen òg, på sitt vis.Då forfattaren i sitt åttiande år gav ut ei diktsmaling som viste atter ei ny side, var juryen einstemmig i å innstille Eldrid Lunden som vinnar av Triztan Vindtorn Poesipris.

*

Tabu er område der vi ikkje vil vite om vi vil skade nokon, står det i Eldrid Lundens siste bok, Det er berre eit spørsmål om tid/ Kaldenderdikt 2014 – 2018. Slike tvetydige fråsegner har vore med Lunden sidan oppveksten. Lunden kommenterer fenomenet i eit intervju (Vinduet 4-18): Eg vaks opp i eit bygdesamfunn som dyrka språkleg evne på sin måte, og då helst som forteljing eller ironi. Det siste kom gjerne til uttrykk som tvetydigheit. Eg har aldri vakse frå dette språket. 

 

Har ho mørker i kroppen? skriv Lunden i samlinga hard, mjuk:

Nei, ho har augnevipper

som stryk dagen over

i skugge. 

 

 “Hard i kantene og mjuk i fingertuppane,” skreiv poetkollega Liv Lundberg om Lundens poesi.

Eller, som ein sa om Robert Frost: “Han var aldri nøgd med å si éin ting viss han kunne seie to eller fleire.” 

Sidan 1968 har Lunden inviterert lesaren inn til fleirtydige, ureine poetiske univers. Då kom F.eks. juli. Lunden var ein del av krinsen kring Profil. Sidan har ho gitt ut femten bøker. Fire av dei essays, resten dikt. Ho har fått Doblougprisen, Brages heiderspris og er slått til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden. Kanskje får Lunden Nordisk Råds litteraturpris for den siste boka si. Ho er iallfall nominert. 

 

Kritikk og sorg

Vil du bli ei undertrykt jente/ skal du seie at du er ei undertrykt jente/ du vil ganske enkelt bli tatt/ på ordet, 

skriv Lunden i eit mykje sitert dikt frå Gjenkjennelsen, 1982. 

Tematikken er eksplisitt, som naudsynt kanskje var på den tida. Lunden var tidleg ute med å skrive om kvinner sine doble posisjonar i samfunnet. Dualiteten finst også i Lundens form. Ho kan vere eksplisitt, men samtidig sober. 

Ho kan vere kritisk, ja. Men formidlar òg sorg. Diktet eg las peiker fram mot Det er berre eit spørsmål om tid/ Kaldenderdikt 2014 – 2018:

 

I livsveven til eit menneske kan det vere slått inn

trådar med stor nødvendigheit. Det hende du redda

meg frå meg sjølv. Siste gongen det skjedde var

lyset i ferd med å bli oppslukt av mørkret

Du sat så roleg resten av kvelden

Varmen slo ut av kroppen din som frå ein glødeomn 

Lunden skriv, I det er berre eit spørsmål om tid/ Kalenderdikt 2014-2018, slik at ein kjenner varma i veven, altså varma i teksten. Ordet vev betyr tekst. I boka som nyleg kom, er Lunden særleg tett på forteljing og på livet, forteljinga om livet. Å skrive like sjølvsagt som å puste. Og puste, det gjer desse dikta. 

Gjennom femti år har Lunden stått utanfor tradisjonane, og slik stått i tradisjonen av dei som Steinar Opstad 
(i Himmelretninger) kallar dei ekte geni. Men éin tradisjon blir Lunden, etter si siste bok, henta inn av: Forfattarskapa som begynner som eksperimentelle og nyskapande, og som blir formmessig enklare, men innhaldsmessig meir kompliserte. Slik finn ein motpolar også i det overordna nivået, mellom bøker: mellom dei rebelske førstedikta og dei, på sitt vis endå meir opne – forsonande – nye dikta. Motpolane finst òg i setningsnivået. Ein kan vere fylt til forstanden av gråt. Det er for alt dette, for den skarpe tanken og det store, bankande, sterke hjartet at Eldrid Lunden får Triztan Vindtorn Poesipris 2019.

14. mars, 2019 -Vindtorn Poesipris’ jury –

Birgit Hatlehol, Carina Beddari, Fredrik Høyer, Mette Karlsvik og Stein Versto