Ytringar

Frå dramatiseringa av Svartfugl
Det er i år det europeiske frivilligheitsåret. Medan den danske avisa Information hyllar
frivillig heimesjukepleie og annan sivil verferd, er ordet
"sivilsamfunn" bannlyst frå kinesiske medier. Då Liu Xiaobo fekk
fredsprisen la styresmaktene ned forbod mot å trykke dette ordet –

Frå dramatiseringa av Svartfugl
Det er i år det europeiske frivilligheitsåret. Medan den danske avisa Information hyllar
frivillig heimesjukepleie og annan sivil verferd, er ordet
"sivilsamfunn" bannlyst frå kinesiske medier. Då Liu Xiaobo fekk
fredsprisen la styresmaktene ned forbod mot å trykke dette ordet –
mellom andre ulovlege ord, og mellom andre typar regulering av kinesiske
medium. I artikkelen "Farlige ord i Kina" frå Morgenbladet 28. januar,
fortel kinesiske journalistar at å skrive journalistikk i Kina er som å
danse med handjern. <!–break–> Rullestol er ikkje eit hinder for ytringer. Det viste ein trupp funksjonshemma skodespelarar i Reykjavik i fjor vår. Med hjelp av ein profesjonell instruktør sette dei opp dramautgåva av Gunnar Gunnarssons roman Svartfugl.
Medan den islandske staten bruker ein relativt liten sum pengar på velferd,
blir omsynsoppgåva ytterlegare stor for sivilsamfunnet og private
grupper som AA og dette private teaterprosjektet.
Eks-Sugarcubes-keyboardist Einar Melax lagar musikken for dei. Også han
jobbar frivillig og gratis. Slik får Gunnar Gunnarssons meisterverk frå
1929 eit komp av gamba de viola, og perkusjon av lavasteinar. Løna han
fekk for seks timars jobbing kvar kveld, var eit måltid mat om dagen. Og
sjølvsagt sjansen til å bli spelt på ei scene, til eit relativt stort
publikum. Og om ganske nøyaktig ein månad vil DnF halde årsmøte, og
offentleggjere kven som får ytringsfridomsprisen for 2010. I 2009 gjekk
den til Dawit Isaak frå Eritrea, og året før det til cubanske Normando
Hernández González.