Den beste #nynov

«Dette kjennest bra! Det heng høgt å vinna ein pris i konkurranse med alle Twitter-poetane,» kommenterer Nora Bogetvedt Jensen, til at ho vann ei novellekonkurranse…

«Dette kjennest bra! Det heng høgt å vinna ein pris i konkurranse med alle Twitter-poetane,» kommenterer Nora Bogetvedt Jensen, til at ho vann ei novellekonkurranse på nynorsk. Twitter var kanalen, formatet 140 teikn, og Språkåret 2013 ein av mange grunnar til å halde tevlinga. Deichmanske Bibliotek arrangerer serien av twittertevlingar, som går i seks rundar, og skriv i ei pressemelding: 

Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitter-konto, skrive ei twitter-melding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde tema. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar i avdelingane til Deichmanske bibliotek på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Andre bibliotek i Noreg er velkomne til å henge seg på.

I juryen sit fleire aktive twitrarar, mellom anna forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, og Per Roger Sandvik, som òg er tilsett ved biblioteket. Dei gler seg til å lese noveller i kortformat eit heilt år:

« – Om ein ikkje nådde heilt til topps denne gongen, kjem det altså fleire nye sjansar, så det er berre å halde fram med skrivinga!

I juryen: 

–       Forfattar Kristine Tofte (@kristinetofte)

–       Forfattar og kritikar Vidar Kvalshaug (@Kvalshaug)

–       Frå Deichmanske bibliotek: Per Roger Sandvik (@SvevePer), Oddvar Thorsen (@oddvarthorsen) og Cathrine Strøm (@cathrine_s)

Nettstad for twitterstraumen: http://twitternovelle.deichman.no

Nynorsk i 140 på Twitter: https://twitter.com/nynov140

 

Les meir om prosjektet:

–       http://www.forfatterforeningen.no/artikkel/dommer-twittertevling

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140/

 

 

Prosjektet er støtta av stiftinga Fritt ord og Det Norske Samlaget.

 

Følg Deichmanske bibliotek på Twitter: https://twitter.com/deichmanske