Når ni profesjonelle lesarar møtest

Noko av det som gjer Forfatterforeningen spesiell, er oppdelinga i styre og kunstsakkyndig utval, og den sterke tradisjonen med utvalets autonomitet. «Rådet», som ein kallar…

dlr

Noko av det som gjer Forfatterforeningen spesiell, er oppdelinga i styre og kunstsakkyndig utval, og den sterke tradisjonen med utvalets autonomitet. «Rådet», som ein kallar dei, heiter formelt «DnFs sakkyndige råd i vurdering av litterær kvalitet». Dei tar avgjersler om medlemskap i DnF og fordeling av stipendmidlar. Rådet består av ni medlemmar, alle ni forfattarar, og alle i 50% stilling for å lese alt som kjem ut av norsk skjønnlitteratur for vaksne. Rådsarbeidet følgjer vedtekter vedteke av Årsmøtet. Vedtektene var sist endra i 2014. Det var for ei oppmjuking av opptakskrava i foreninga. Årsmøte er også dei som vel rådsmedlemma. Sidan siste årsmøte har fem nye medlemmar kommet til. Vi er stolte over å presentere desse profesjonelle lesarane for dykk. De vil få intervju med eller tekstar av rådsmedlemma Eirik Ingebrigtsen, Inger Bråtveit, Morten Wintervold, Kjell Ola Dahl, Inghill Johansen, Kristine Næss, Steinar Opstad og Tormod Haugland. Først ute blir Aasne Linnestå, som sa dette då ho kom inn i rådet, men som har gitt nytt intervju, to år seinare. 

For Rådet blir ikkje til før medlemma sitt saman. Når dei einskilde kvalitetane og kunnskapane kjem saman, når dei ni byrjar å snakke og diskutere bøker i lag, då oppstår Det litterære Råd. Denne første teksten, introduksjonen, vil difor handle om Rådet – som ei dynamisk eining. Ein tidlegare leiar i Rådet, Stein Versto, uttalte seg raus om erfaringa før han gjekk av i 2012: 

– Kva institusjon er Det litterære Råd?

– Det litterære Råd er Forfatterforeningens "sakkyndige utvalg i alle spørsmål av litterær karakter", heiter det i DnFs vedtekter, paragraf 12. Rådet er breitt samansett kjønnsmessig, språkleg og litterært. Kvart medlem i Rådet pliktar å halde seg oppdatert på norsk, samtidig skjønnlitteratur, og brukar såleis ein stor del av arbeidskapasiteten sin på lesing. Sett i forhold til eiga skriving er dette eit offer, men det følgjer også ein gevinst med arbeidet – ikkje minst eit høve til å delta i engasjerte (og til tider glødande) diskusjonar om litteratur og litteratursyn, og tilhøyrande bryning av eins eigen evne til å formulere lesaropplevingar og litterære vurderingar – som i neste omgang kan slå positivt ut for eiga skriving. (Noko å ta med seg for framtidige kandidatar til rådet som måtte vera i tvil om dei vil ta på seg arbeidsbøra!) Rådsmedlemmene fordeler ikkje lesinga seg imellom; kvart medlem les i prinsippet alt. Dette, og det at vi samstundes er eit kollegium, som i kraft av ei rekke møte på årsbasis fører ein kontinuerleg samtale om norsk skjønnlitteratur, gjer rådet til eit nokså særeige fenomen i det norske litterære rom – ein kunne kalle det eit kollektivblikk på samtidslitteraturen som opnar for både oversikt og fordjuping. Dette har då også, tradisjonelt, gitt rådet ein viss autonomi i forhold til styret og medlemmene i DnF, fordi det rett og slett ikkje er så mange andre som har den kompetansen rådet sit inne med. Det til ei kvar tid sitjande råd må i dette biletet navigere både klokt og audmjukt: ta sin eigen faglege integritet på alvor, og samstundes lytte til signal frå medlemmene.

– Det går ei myte om at Det litterære rådet er strengt, og at det er vanskeleg å bli medlem i DnF. Kva har du å seie til det?

– Ja, det litterære råd har jo ofte blitt oppfatta som strengt. Eg trur nok det er rett å seia at noko av rådets eiga sjølvforståing, gjennom mange år, handlar om å vera ei vaktbikkje på vegner av den litterære kvaliteten. Dette kan det vera ulike meiningar om. For det første: Det er eit faktum at rådet har vore restriktivt i ein del saker, ikkje minst medlemsopptak. Og det er ei utfordring for ein forfattar å få medlemskapssøknaden sin avvist. Men at ein søknad blir avvist, inneber slett ikkje nødvendigvis ei avvising av forfattarskapen! Rådsmedlemmene har, i ein del tilfelle, sagt seg imellom at i det og det tilfellet vil vi sjå ei bok til av søkjaren før vi seier ja til medlemskap. Det er jo slik med ein del forfattarskapar, både no og før, at styrken og kvaliteten til forfattaren først viser seg etter forholdsvis mange bøker. Dette er det viktig å få fram. Men, for det andre, og her kjem "vaktbikkjerolla" inn: Det er eit erkjent faktum, for oss som sit i rådet, at forlagsredaksjonane ofte er for slepphendte i arbeidet med manus. Vi meiner å ha lese ein god del bøker som kunne ha vore langt betre – både i språk og oppbygging – om det hadde vore gått ein eller to rundar til med manus. Og dette er eit viktig poeng. Rett nok finst det fleire instansar i det litterære rom som kan fange opp dette fenomenet og rette eit kritisk søkelys mot det (ikkje minst litteraturkritikarane), men kritikarane vurderer ein og ein, medan vi er ni som gjer ei samla vurdering. Vi har, ved fleire høve, sete med to bøker på bordet (forfattarar søkjer om medlemskap med to bøker eller meir) og avvist medlemskap, og samstundes tenkt og sagt at her er det forlagsredaksjonens arbeid, like mykje som forfattaren, som blir avvist. Forlagsredaksjonane bør vera seg dette ansvaret bevisst: Kvar gong dei sender eit manus til produksjon, tilfører dei eit bidrag til norsk bokheim, på godt og vondt. Dei er ansvarlege ikkje berre andsynes eigen økonomi og forfattaren, men har eit allment ansvar for norsk skjønnlitteratur. Så sit då vi der, og meiner å sjå at dei ikkje tek dette ansvaret på alvor. I denne situasjonen er det at ein kan kjenne seg kalla til å ta ansvar, og seia: "Dette er ikkje godt nok."

– Kva grunnlag har du for å seie noko om korleis dei jobbar i forlaga?

– Eg har sjølv jobba som forlagsredaktør, og i Samlaget, der eg var, vil eg påstå at det redaksjonelle arbeidet er grundig. Men det er klart at andre omsyn, ikkje minst økonomiske, spelar ei svært viktig rolle også i forlaga generelt. Det finst bøker som sel berre i kraft av forfattarnamnet, også debutbøker der forfattaren er eit kjent fjes frå media, for eksempel. Då er det sjølvsagt freistande for forlaget å spare tid og krefter og gi litt blaffen i manusarbeidet. Boka sel, uansett. I neste instans kjem så boka på vårt bord; forfattaren søkjer medlemskap. Eller stipend. Kanskje seier vi nei. Forfattaren får avslagsbrevet sitt frå DnF, og undrar seg: "Jamen, forlaget var jo så positive, og manus gjekk jo rett igjennom!" Og får kanskje store mediaoppslag på avslaget to dagar seinare.

– Ønsker de ikkje debatt om desse tinga?

– Misforstå meg ikkje: Debatt er bra. Det er viktig med eit kritisk søkelys på instansar som Det litterære råd. Men søkelyset kunne også, i sterkare grad, rettast mot andre instansar i det litterære rom. Og når rådet då til tider kan verke strengt, er det i så fall ut frå eit engasjement på vegner av den gode litteraturen.

– Det må ha vore for halvanna år sidan at NRK TVs Bokprogammet hadde dette som tema. Det handla om Frid Ingulstad, som søkte om medlemskap for rundt femten år sidan. Ho har sidan blitt ein av dei mest leste forfattarane i landet, og det blei ein del styr då ho ikkje fekk medlemssøknaden sin innvilga av DLR. Er medlemma i DLR elitistiske og med estetiske nykker?

– Rådsarbeidet handlar ikkje om estetiske nykker og elitistiske rådsmedlemmer! Det handlar om språkrøkt. Det handlar om å ta litteraturen, og det å skrive skjønnlitterært, som fag, på alvor. Det handlar om respekten for litteraturhistoria. Når ein les klassikarane, eller dei beste nolevande forfattarane, ser ein kva språket kan vera, kva språket kan utrette: korleis dei subtile nyansane, rytmiske skifta, emosjonelle valørane, uventa tankekasta aktiverer ei oppleving i lesaren: ei gjenkjenning av eins eige indre liv, kanskje til og med ei utviding av dette indre livet, der lesaren med alt sitt kjenner seg teken på alvor. Denne gjenkjenninga, denne stadfestinga av flyktige, men endå viktige kvalitetar, har òg med respekten for menneskeverdet å gjera. Vil vi kalle oss ein kulturnasjon, kjem vi ikkje utanom det å ta slike verdiar på alvor, og hegne om dei.

– Kva er dei viktigaste jobbane for DnF generelt og DLR spesielt, i åra som kjem?

– Først og fremst er det viktig å hegne om det vi har av stipend pr. i dag, og det gjer leiaren og styret i DnF på ein framifrå måte. Dernest å få fleire statlege arbeidsstipend, særleg til forfattarar over 35 år, sidan dei fleste debuterer først etter fylte 30. Det er ei glede å vera med å gi arbeidsstipend, og det er tilsvarande lite gledeleg når stipendperioden til ein forfattar er over. Og ikkje minst: Det går mange gode forfattarar rundt om som ikkje har arbeidsstipend, som skulle ha hatt det! Dette ville kunna gi dei nettopp det høvet til fordjuping over tid, som kunne gjera det mogeleg å ta ut det fulle potensialet, kanskje skrive ei gjennombrotsbok. Økonomien til altfor mange forfattarar er eit lappeteppe av frilansjobbing og uforutseielege inntekter. Vi treng fleire arbeidsstipend.

– Kor mange arbeidsstipend som staten er med på å finansiere, kan vere eit signal om kva rolle forfattaren blir gitt i Noreg. Kva meiner du er forfattarens rolle i samfunnet?

– Det er vanskeleg å seia noko generelt om dette, for forfattarar er ulike – alt frå dei som eksplisitt skriv om tema i tida, til dei som tek bustad i språket og arbeider der, utan å skjele så mykje til mottakarane. Alle kategoriane er viktige. Og det er også, sjølvsagt, mogeleg å kombinere. Og djupast sett er jo all litteratur, i det den blir offentleg, ein kommentar til si samtid. Skal eg svare på spørsmålet ditt med bakgrunn i tida vi lever i no, vil eg vel seia at det i sterkare grad burde vera ei oppgåve for litteraturen å drøfte etiske problemstillingar. Vi lever jo i eit skakkøyrt samfunn, i den forstand at svært mykje av det vi held på med, ikkje har berekraft for framtida; i litteraturen er det mogeleg å føre dei lange, langsame samtalane, som kan fungere som alternativ til det kjappe og tankelause. Dette potensialet kunne vel ha vore endå betre utnytta.

– Korleis er det å lese så mykje som de gjer for rådsarbeidet?

– Pliktlesing kan jo, sett utanfrå, framstå som ei litt kjedeleg øving, også for den som driv med det. Men når ein kjem "innanfor" melder ofte uventa positive opplevingar seg. Som medlem i rådet les eg bøker eg kanskje ikkje ville ha lese elles, og dette har mange gonger gitt fine lesaropplevingar. Ein får jobba litt med det ein måtte ha av fordomar! Dette prøver eg også å formidle når eg reiser rundt og presenterer kulturfondsbøker – det er mange gode bøker som blir oversette i det litterære kretsløpet. Eg har nok lært meg å lesa fortare etter at eg kom med i Rådet, fått auka lesetempo – utan at det går ut over lesekvaliteten, håpar eg. Eg les på ulike måtar, avhengig av sjanger og av korleis boka er bygd opp. Diktbøker les eg gjerne fleire gonger, for å vera sikker på å yte dei rettferd. Romanar har ein sjeldan tid til å lesa meir enn ein gong, kanskje med unntak av bøker som ligg til grunn for litterære prisar. Som rådsleiar er det mi oppgåve å skrive grunngivingane for pristildelingane, i dei fleste tilfelle, og då må jo ei bok eller to ofte framatt til nytt gjennomsyn, sa Stein Versto den gongen, for tre – fire år sidan.

For meir generell informasjon om Det litterære råd, sjå Thorvald Steens historiske innleiing til DnF som institusjon. Han gjer vidare greie om forholdet mellom rådet og styret, mellom styret og staten, og DnF og andre forfattarforeningar i Norden. Og sist men ikkje minst, så har alle rådsmedlemma bydd på seg sjølv. Dei har fortalt om det å skrive, og om å lese:

Her er døme på saker frå arkivet: Odmund Hagen fortel at å skrive er som å vere i eit ras. Du må berre følgje med dit skrifta fører deg. Og når han les noko som gjer sterkt inntrykk, då går han seg ein tur. Ole Robert Sunde er også på vandring i skrifta si. Han har fortalt oss at han forsøker å finne ein plass kor ingen andre har vore. Men det er ikkje så lett fordi alt er så bebudd. Eg kan kjøre meg inn i eit hjørne. ”Kva gjer eg for å komme meg ut? Eg snakka med forleggaren min om dette. Han rår meg til enklare sjusett." Mirjam Kristensen avslører at ho, når ho sjølv vel litteraturen sin, for det meste les om den andre verdskrigen. Noko av det ho legg særskilt merke til når ho les, er om han flyt godt, eller er anspent og verkar kunstig; at viss språket verkar ekte, verkar også historia ekte.  Markus Midré har snakka om korleis møta i DLR endra seg etter 22/7:Man er kanskje mer årvåken om nivåer på en tekst som man har tatt for gitt eller ikke har lagt helt merke til, og som blir tydeligere og klarere. Det finnes ting i teksten som det blir viktigere å løfte fram nå. Jan Kjærstad har svart på utfordringa  med eit lite kunstverk. Atten fragment, atten svar, spørsmåla lurar i skuggane. Ikkje ulikt Jeg er brødrene Walker, ein roman han gav ut for eit par år sidan. Fragmenta samlar seg til eit bilde av ein tanke. Liv Lundberg seier til oss at  språk er basis for menneskelig erkjennelse. Kollegaen hennar, Ole Robert Sunde, svarar unnvikande på kva litteratur er eller skal vere. Men det han veit, er at han liker å snakke om snakkinga: Det er denne pågåande samtala som er intressant og som er sjølve innhaldet i å vere i Rådet: Kva er litteratur? Vi snakkar i eitt under rådsmøta. Etter møta går vi ut og et i lag. Samtala held fram. Det er dette som er motivasjonen min: Det å møte nokon bare for å diskutere litteratur,  seier Sunde. 

Sidan desse uttalte seg har rådsmedlemmar kommet og gått. For her er både utskifting og dynamikk, men også noko kontinuitet. Av dei som satt då og som framleis sitt, er Eirik Ingebrigtsen.