Rådet varetek mangfaldet i norsk litteratur

Nils Henrik Smith tek over som ny nestleiar i Det litterære Råd. – Rådet gir tid til, og rom for, svært grundige litterære diskusjonar, seier han.

Nils Henrik Smith
Foto: Øystein Haara

Gratulerer som ny nestleiar i Det litterære Råd! Kva inneber det å vera nestleiar i Rådet? Korleis ser du for deg at arbeidet blir?

Å vere nestleiar inneber først og fremst å stille opp når leiaren ikkje kan, som møteleiar, i media og liknande. Dessutan å vere ein samtalepartnar for leiar og administrasjonen i Forfattarforeininga i praktiske spørsmål som gjeld Rådet sitt arbeid. Dei litterære diskusjonane i Rådet er basert på likeverd der det ikkje har noko å seie kven som er leiar, nestleiar eller meinig medlem.

Kva gler du deg mest til?

Til å halde fram dei svært grundige litterære samtalane me har hatt i Rådet alle dei fem åra eg har vore med. Eg meiner det har stor verdi for norsk litteratur at stipendtildelingane er basert på brei lesing frå eit råd som representerer ulike sjangrar og perspektiv.

Kva gruer du deg mest til?

Ingenting! Men det er ingen tvil om at det mest utfordrande i tida som kjem er å formidle utetter kva funksjon Rådet har. Det er viktig å forklare på ein god og tydeleg måte korleis me jobbar med å forvalte midla me disponerer, både våre eigne og ikkje minst dei me fordeler på vegner av staten.

Rådet har nokon parametrar de vurderer etter, kan du seia litt meir om kva som utgjer ei god bok for deg? Ei bok av litterær kvalitet?

Det er eit vanskeleg spørsmål å svare generelt på, for som oftast er det jo ikkje éin ting som gjer at ei bok er god. Det er viktig at språket og forma er gjennomtenkt. Som lesar vil eg at forfattaren har stilt seg spørsmålet: Kvifor skrive om akkurat dette, på akkurat denne måten? Så må hen ha funne eit tilfredsstillande svar på det.

For å lese så variert som ein må gjere i Rådet er det nødvendig å kunne verdsetje mange ulike litterære uttrykk. For min del set eg risikovilje stadig høgare! Det må brenne. Dei fleste av oss skriv ikkje fordi det kastar av seg så mykje å gje ut bøker, men fordi me meiner at litteratur er viktig. Fordi me trur på at poesi og litterær prosa kan seie noko som elles ingen ville sagt.

Som ung lesar nærma eg meg litteraturen gjennom ei dragning mot det eksotiske og ukjende; som vaksen set eg òg pris på bøker som viser meg det velkjende på ein ny måte, frå ein vinkel eg ikkje kunne funne fram til sjølv.

Kritikar og forfattar Gabriel Michael Vossgraff Moro sa nettopp i eit intervju med oss at: «… litterær kvalitet er ikkje ein objektiv storleik lausriven frå det lesande subjektet. Fordommar, preferansar og kjepphestar påverkar smaksdommen». Gjer du noko for å få bukt med fordommane dine, preferansar og kjepphestar når du les?

Moro har sjølvsagt eit poeng, nettopp difor er det så viktig at me har eit breitt samansett litterært råd. Å sitje i Rådet har i seg sjølv ein viss oppdragande effekt, nettopp fordi ein er nøydd til å lese mange bøker som står eit stykke unna eigne preferansar. Oppgåva vert då å skilje kvalitet frå personleg smak.

Viss ein kan identifisere eit litterært prosjekt og eit språkleg medvit er mykje gjort. Kommuniserer teksten med annan litteratur? Skriv han seg inn i ein tradisjon, og er han i så fall i stand til å fornye denne tradisjonen? Har boka eit idénivå som peikar ut over det konkrete handlingsnivået? Relativt få bøker er heilstøypte, men mange har likevel noko ved seg som gjer dei til verdifull lesing. 

Kvifor treng me Rådet?

Med sju medlemmer er det mogleg å vareta mangfaldet i norsk litteratur både når det gjeld sjanger, målform, alder, kjønn og geografi. I Rådet har me tid til, og rom for, svært grundige litterære diskusjonar, og lærar difor mykje av kvarandre, ikkje minst når det gjeld å sjå kvalitetar i litteratur som er annleis enn den me sjølv til dagleg arbeider med.

Samstundes får norske forfattarar arbeidet sitt vurdert av kollegaer, og det meiner eg er svært viktig å halde fast ved. Ikkje fordi skjønnlitterære forfattarar er dei einaste som er i stand til å vurdere litteratur – det er me sjølvsagt ikkje! – men fordi me i tillegg til den faglege kompetansen har kvar våre erfaringar med å fullføre eigne verk.

Rådet veit samla sett difor svært mykje både om litterær kvalitet og om kva som praktisk lèt seg gjennomføra i ein forfattarkvardag. På den måten sikrar me at mest mogleg av midla Forfattarforeininga forvaltar vert til litteratur.

Korleis trur du det å vera nestleiar kjem til å påverka di eiga skriving?

I liten grad. Å sitje i Rådet påverkar skrivinga fordi det påverkar lesinga – som er grunnlaget for eit kvart litterært virke. Men det vert neppe veldig annleis sjølv om eg no går inn i ein periode som nestleiar.